• Universell*
  • Meny
    • Fagområder
      • Universell utforming
      • Læringsmiljøutvalg
      • Tilrettelegging
      • Fagskoler
    • Oppdrag og aktiviteter
    • Faglig nytt
      • LMU
      • Universell utforming
      • Tilrettelegging
      • Fagskoler
    • Finn ressurs
    • Om nettstedet
    Søk Lukk
    English
gammel skrivemaskin som blir skrevet på
Lytt

Webinar om universell utforming

Publisert: 03.mai 2019 Endret: 13.mai 2019


Måndag 20. mai arrangerer Difi webinar om universell utforming av ikt. Du vil mellom anna høyre om korleis du kan sørge for at innhald som tekst, dokument, bilde og video følger krava om universell utforming.


Webinaret startar kl. 12 og varer i ca. 20 min. Denne dagen får du svar på timen fram til kl.15.00 på spørsmål som du sender til Difi på e-post på uu@difi.no  Sjå gjerne webinaret saman med ein kollega eller fleire. 

Det er ingen krav til påmelding og det er gratis deltaking. Følg webinaret på Difi sin nettside. 

Bakgrunn

Frå i år skal nye nettløysningar retta mot studentar vere universelt utforma. Eksisterande nettløysingar skal vere universelt utforma frå 2021. Krava gjeld nettsider, læringsplattformar, dokument, digital eksamen og appar.

Universell utforming av ikt handlar både om kode, design og innhald. Dersom du fyller ei løysing med innhald som ikkje er universelt utforma, hjelp det lite om koden er god. I dette webinaret snakkar vi om korleis du kan sørge for at innhald som tekst, dokument, bilde og video følger krava om universell utforming.

Har du ikkje tid denne datoen, vil opptaket ligge ute slik at du kan sjå det seinare. Du kan sjølvsagt sende Difi e-post seinare også, men då kan det ta litt lengre tid før du får svar. Difis svartid er frå 2 til 10 dagar.

Målgruppe

Studieadministrasjon, forelesarar, interne produsentar, teknisk personell. Alle som lagar innhald til studentar som blir tilgjengeleg gjennom ei nettløysing.

 


universell.no er en del av Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse.

HK-dir

Avdeling for universell utforming og læringsmiljø

Kontakt 

E-post: universell@hkdir.no

Besøksadresse: Abelsgate 5, Teknobyen, Trondheim

Redaktør

Kjetil Knarlag

Avdelingsleder

Lenker

www.hkdir.no

Personvernerklæring

Tilgjengelighetserklæring

Sidekart | Om bruk av informasjonskapsler på denne siden (cookies) |
CMS : Webdesign : Bennett
▲